5 år med opptur på opptur for og med Kondis!
Etter snart 5 år i Kondis-styret vil eg på landsmøtet i Kondis 10. mars gje stafettpinnen som president vidare til den som landsmøtet vel som min etterfølgjar. Dette gjer eg mellom anna for å få hundre prosent fokus på arbeidet med motbakkefjelløp, mellom anna som leiar i Norges Fri-idrettsforbund sitt utval for motbakkeløp.

Det var mi store interesse for fjelløping og trua på at motbakkeløping bokstaveleg tala ville kunne gje heile Kondis eit stort løft i medlemsvekst, inntekter og PR, som gjorde at eg sa ja til å gå inn i Kondis-styret i 2002. Eg kan i dag sjå attende på snart 5 år med praktfullt teamarbeid i Kondis-styret som i godt samarbeid med administrasjonen har løfta Kondis frå underskot i 2002 til godt overskot og særs positiv medlemsutvikling. I 2002 hadde Kondis 9100 medlemar, i dag har Kondis 11.000 medlemar, og veksten held fram.

Motbakkeløping har no teke heilt av i Noreg. På motbakkeløpssida på Kondis.no kan du lese ein artikkel som eg skreiv 1. februar med oversyn over det store varierte og sterkt aukande tilbodet av motbakkeløp Noreg Rundt. Motbakkeløpsbølgja er på kraftig opptur. Til dømes er det i helsefylket Sogn og Fjordane starta opp 12 nye motbakkeløp på 5 år!

Det var oppstarten av Skåla 1848 m Rett Opp i 2002 og Fanaråken Duatlon / Turtagrø-Fanaråken Opp i 2003 som med stor og positiv medieblest fekk motbakkeløp opp på praktfulle fjelltoppar til å "ta heilt av". Me kan no snakke om ei ny stor folkerørsle på OPPTUR som vi ikkje har sett maken til tidligare.

Inn i hjarterota

Me opplever no den største veksten som me har hatt i Noreg innan kondisjonsidrett når det gjeld nye løp sidan joggebølgja på 1980-talet. I 2002 var det ikkje stort meir enn ei handfull motbakkeløp. I 2006 var det 43 løp med om lag 15.000 deltakarar, og i 2007 blir det truleg over 50 løp i Noreg! No skal "heile Noreg" gå og springe oppover, til topps på praktfulle fjelltoppar. Sjå meir enn 100 flotte biletreportasjar frå løpa på motbakkeløpssida på kondis.no. Dette er meir enn idrett! Det er opplevingar i mange dimensjonar for alle som ønskjer utsyn, vidsyn og klarsyn. Slike opplevingar i praktfull natur går rett inn i hjarterota på det norske folk

Entusiasmen og begeistringa frå motbakkeløpa opp på praktfulle fjelltoppar er smittsam, og me ser no positiv utvikling for kondisjonsidrett og løpsarrangement over heile landet. I mange år har løpsarrangørar klaga over manglande mediedekning, men no ser dei at media, nasjonalt og ikkje minst lokalt, har hekta seg på motbakkeløpsbølgja og er med på å forsterke oppturen med praktfulle, fargesprakande dobbeltsidereportasjar (i Aftenposten, Vårt land, BA, BT osb.) og flotte TV-sendingar på NRK og TV2.

I Sogn og Fjordane har den største avisa Firda gjort motbakkeløp og toppturar til eit hovudtema, og avisa er med på å få heile fylket ut av godstolen og opp i fjella!

Det skal i dag meir til enn eit start- og målsegl til for å få positiv mediemerksemd. Motbakkeløpa gjev ikkje berre unike mulitidimensjonale opplevingar oppover spektakulære løypetrasear for deltakarane, men også praktfulle naturbilete til både TV og aviser, med entusiastiske deltakarar på fjelltoppane. Desse bileta er mitt beste døme på positiv motivering i praksis for å inspirere andre til å drive med variert kondisjonstrening med meining.

Kondis – norsk organisasjon for kondisjonsidrett - ønskjer å fremje og stimulere til allsidig kondisjonstrening for alle. Motbakkeløpa er vorte ei ny inspirasjonskjelde og ein ny samlingsstad for utøvarar frå alle kondisjonsidrettane og ikkje minst for mosjonistar som tidligare aldri har delteke i noko løp. Nyskaping, nytenking og nyrekruttering er viktige føresetnader for positiv vekst, utvikling og ny opptur for kondisjonsidrettane!

Følg med, bli inspirert og hald deg dagleg oppdatert på kondis.no!

Christian Prestegård
Kondis-president

Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende


Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
FEBRUAR 2007
ÅRGANG 2007
KONDISARKIVET